Hopp til innhold
X
Innhald

LMI - Luster Mekaniske Industri

LMI i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

LMI i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

LMI - Luster Mekaniske Industri på Grandane i Gaupne vart starta i 1981 og produserer røyr med eit spesielt belegg (coating) for oljeindustrien. Bak selskapet stod Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) og VVS Stord AS. Verksemda fekk frå starten 15 tilsette. Seinare kom West Industri Service AS i Florø og DSND Subsea AS i Grimstad inn som hovudeigarar.

Brukar lang tomt

Verksemda nyttar ein stor del av industriområdet på Grandane der ein tidleg på 1970-talet gjekk med planar om å byggje flyplass langs elvebarden.

Sveisar 25 km røyr

Sveisar 25 km røyr

Den store tomta gjer det mogeleg å sveise saman røyr på 750 meters lengde. Desse lengdene vert så sveisa saman etter kvart som dei vert spola inn på ein diger trommel på spesielle røyrleggingsfarty. Spolane kan ta kring 25 kilometer ferdig samanskøytt røyrleidning.

LMI har kring 45 tilsette.

I 2009 kjøpte bergensselskapet Framo Engineering AS 81 prosent av aksjane i LMI. Bak Framo står Frank Mohn-gruppa.

Spolebasen lagd ned

I 2010 vart spolebasen i Gaupne lagd ned, etter at det vart etablert ein ny spolebase på Vigra. Luster kommune kjøpte området på Grandane etter spolebasen med tanke på at nye næringsaktørar kan etablere seg.

Samanskøytte røyr vert spola inn på trommelen på eit røyrleggingsfarty i Gaupne. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Samanskøytte røyr vert spola inn på trommelen på eit røyrleggingsfarty i Gaupne. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2010