Hopp til innhold
X
Innhald

LocalHost AS

Animasjon som syner korleis det kan kome til å sjå ut i eit eventuelt datalager i gruvene i Lefdal. Pressefoto.

Animasjon som syner korleis det kan kome til å sjå ut i eit eventuelt datalager i gruvene i Lefdal. Pressefoto.

LocalHost AS vart skipa i Måløy i 2007 og er eit IT-selskap som tek seg av drifta av datasystema til lokale verksemder i ytre Nordfjord.

LocalHost AS starta i 2009 med planar om å nytte gruvene i Lefdal til datalagring. Selskapet Lefdal Gruve Drift AS vart skipa, og i 2011 gjekk Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) inn med 20 millionar kroner i selskapet. Lefdal Gruve Drift AS har og inngått ein intensjonsavtale med IBM om å fremje Lefdal Gruve i Nordfjord som eit leiande senter for miljøvennleg datadrift.

Ideen bak prosjektet er at databransjen brukar mykje energi på kjøling og på verdsbasis står bak to prosent av det samla utsleppet av CO2. I dei kjølige gruvegangane er det ideelle tilhøve for datalagring, og kaldt vatn frå fjorden skal hjelpe til med kjølinga.

Inne i gruvene er det eit areal som tilsvarar 17 fotballbaner som kan nyttast til lagring.

I 2012 kjøpte Lefdal gruve Drift AS 67 prosent av konkurrenten Greenfield Datasenter i Fet i Akershus. Målet er å ha dei første dataserverane på plass i gruvene i løpet av 2014.

SFE kjøpte i september 2011 seg inn i Lefdal Gruve Drift AS. Frå venstre styreleiar Egil Skibenes i Lefdal Gruve Drift AS og LocalHost AS , konsernsjef Ole Schanke Eikum i SFE, styreleiar Arvid Lillehauge i SFE og adm. direktør Sindre Kvalheim i LocalHost AS. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 04.10.2012