Hopp til innhold
X
Innhald

Loftesnes Pensjonat og Kafé

Loftesnes Fjord Pensjonat og China House. Foto: Arild Nybø, NRK.

Loftesnes Fjord Pensjonat og China House. Foto: Arild Nybø, NRK.

Loftesnes Pensjonat og Kafé vart starta i Sogndalsfjøra av ekteparet Ola og Maria Loftesnes i 1899. Pensjonatet hadde ca. fem-sju rom. Då straumen kom bygde Ola eit sagbruk i Sogndalsfjøra.

Sonen Martinus tok over pensjonatet i 1937, og då han døydde i 1959 dreiv ektemaken Birgitte Mathilde pensjonatet fram til yngste sonen, Dagfinn, tok over i 1980. Han gjekk konkurs etter kort tid, og eldstebroren Olav tok over og dreiv det til han døydde i 2007. Sidan har eit familieeigd aksjeselskap drive pensjonatet under namnet Loftesnes Fjord Pensjonat. I huset held og kinarestauranten China House til.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2010