Hopp til innhold
X
Innhald

Losji og ferjemann ved Kjøspollen

Kjøs på 1920-talet. Her var det skysstasjon. Ved land, til venstre for nausta, ligg den vesle ferja som frakta folk over Kjøspollen. Ukjend fotograf. Eigar: Irene Bøe Pisani/ Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I samband med bygginga av Den trondhjemske Postvei vart det på slutten av 1700-talet skipa skysstasjon og losji på Kjøs, på garden som i 2005 er eigd av Mathias Kjøs.

I folketeljingar frå 1900 vert huset der ein tok imot overnattande nemnt for «Kjøs losjerende hotell», men truleg var det berre snakk om 2-3 rom for utleige.

Den viktigaste oppgåva for folket på garden var å vere ferjemenn for folk som skulle over Kjøsapollen. Her gjekk det også ei lita kabelferje ei tid. Ferja var i drift heilt til det vart bygt veg langs nordstranda av Kjøspollen til Øyebakken. Skysstasjonen i Kjøs hadde også ansvaret for å syte for hesteskyss over Kjøsahalsen, der vegen gjekk før det vart bygt veg rundt den bratte Kjøshammaren ved Hornindalsvatnet i 1904. Då skysstasjonen på Kjøs vart lagd ned, fekk folket på garden vanleg drosjeløyve.

Etter at det kom veg gjekk folket på Kjøs over til biltransport og starta Kjøs Auto Transport. Foto: Botolv Sandvik. © Fylkesarkivet.

Etter at det kom veg gjekk folket på Kjøs over til biltransport og starta Kjøs Auto Transport. Foto: Botolv Sandvik. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 28.02.2011