Hopp til innhold
X
Innhald

Lunde Sementsteinfabrikk

Tidlegare Lunde Sementsteinfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Lunde Sementsteinfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lunde Sementsteinfabrikk vart starta på Lunde ved Nerfloen på 1930-talet av Ivar M. Lunde. Faren Marius hadde starta eit lite metallstøyperi for ku- og sauebjeller like før 1. verdskrig. Denne verkstaden tok Ivar Lunde over og kalla den Lunde Metallstøyperi, men gjekk etter kvart over til støyping av bygningsstein, takheller og sementrøyr.

Eitt av produkta frå Lunde Sementsteinfabrikk var farga hageheller. Ivar Lunde dreiv den vesle fabrikken til byrjinga av 1980-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.02.2010