Hopp til innhold
X
Innhald

Luster Sparebank

Luster Sparebank i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Luster Sparebank i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Luster Sparebank i Luster vart skipa i 1865 etter opptak frå kommunestyret. Banken hadde eit grunnfond frå starten på 300 spesidalar. Banken bygde eige bygg i 1900. Bygget brann i 1912, og nybygg vart reist i 1919. Her fekk Luster kommune også kontor. Dette bygget står framleis, og har m.a. rikt skorne dørinnrammingar i drakestil, utførde av sløydlærar Torkjell Asheim.

Bankhuset som vart reist i 1919.

Bankhuset som vart reist i 1919.

I 1967 kjøpte sparebankane i Hafslo, Luster og Jostedal felles bankbuss. Ordninga med bankbuss vart trappa ned og endeleg avvikla i 2008. I staden innførte Luster Sparebank ei ordning med bank-i-butikk, med unntak av Hafslo og Gaupne.

I 1970 fekk Luster Sparebank filial i Gaupne, som då hadde vore kommunesenter sidan 1965 - utan å ha faste banktenester der.

Bankbussen til Luster Sparebank med Kåre Hauge som sjåfør og bankfunksjonær. Han og bussen hadde sin siste tur i februar 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bankbussen til Luster Sparebank med Kåre Hauge som sjåfør og bankfunksjonær. Han og bussen hadde sin siste tur i februar 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Samanslåing

Luster Sparebank vart slegen saman med sparebankane i Jostedalen og Hafslo til Luster Sparebank i 1975. Den nye Luster Sparebank fekk hovudkontor i kommunesenteret Gaupne, der banken sette opp eige bygg i 1981. I 1983 avviste forstandarskapen å gå inn i ein sparebank som skulle dekkje heile fylket - Sparebanken Sogn og Fjordane.

I 2010 hadde Luster Sparebank ein forvaltningskapital på 2,42 milliardar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011