Hopp til innhold
X
Innhald

Lutelandet Utvikling AS

Lutelandet i 2007, før anleggsarbeidet tok til. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lutelandet i 2007, før anleggsarbeidet tok til. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lutelandet Utvikling AS vart skipa i 2005 av dei fem kommunane i HAFS-samarbeidet og fylkeskommunen. Målet for selskapet er å skape grunnlag for industribygging på Lutelandet lengst vest i Fjaler kommune.

Tanken er å knyte utbygginga på Lutelandet til planane om ilandføring av gass til oljeterminalen Mongstad i Nordhordland og finne høveleg industri som kan nytte denne gassen på Lutelandet. M.a. har det vore kasta fram planar om å kunne utnytte mineralet anorthositt frå Gudvangen til industriell produksjon på Lutelandet.

Også på 1970-talet vart det vurdert om det kunne byggjast ein aluminiumoksidfabrikk på Lutelandet, basert på det same råstoffet. - Les meir om dette under Aurland kommune i artikkelen Anorthositten i Nærøydalen.

Lutelandet i 2012. Det er bygt kai og tilførselsveg, og eit stort område er planert ut. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Lutelandet i 2012. Det er bygt kai og tilførselsveg, og eit stort område er planert ut. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Den tidlegare pressemannen Stein Arne Ottesen vart tilsett som dagleg leiar i Lutelandet Utvikling AS.

I 2009 vart selskapet Lutelandet Offshore AS skipa. Bak dette selskapet står AS Helldal & Co i Bergen og Tor Gjertsen. Planen er å byggje ei tørrdokk og hogge opp oljeinstallasjonar på Lutelandet. Det er bygt vegar og kaier på øya med tanke på utbygginga.

I 2011 fekk Lutelander Energipark AS konsesjon på bygging av 15 vindmøller på Lutelandet. Dette vart klaga inn til Olje- og energidepartementet, men i 2012 stadfesta departementet konsesjonen. Vindparken kan tidlegast kome i drift i 2015 eller 2016.

I 2014 signerte det britiske selskapet Veolia ein 25-års avtale om leige av areal på Lutelandet. Veolia skal hogge opp utrangerte oljeplattformer. Den første kjem til Lutelandet i 2015. Det er i alt 14.000 tonn som skal skrotast, og det aller meste av dette skal resirkulerast.

Slik ser Lutelandet Utvikling AS føre seg at det skal sjå ut når utbygginga er ferdig. Foto: llof.no.

Slik ser Lutelandet Utvikling AS føre seg at det skal sjå ut når utbygginga er ferdig. Foto: llof.no.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2015