Hopp til innhold
X
Innhald

Magnus Kirkebø landhandel

Magnus Kirkebø starta i 1885 landhandel på Kyrkjebø, seinare også bakeri.

Han konkurrerte i 1886 med lensmann Lars Ramsli om å bli ekspeditør for Fylkesbaatane. Lars Ramsli vann og bygde kai for fylkesdampen. Men Kirkebø bygde eiga kai, og vart ekspeditør for dampskipet «Jotunheim», som fram til hundreårsskiftet dreiv rutefart på Sogn i tevling med Fylkesbaatane. I 1900 tok Hans Øren over landhandelen til Kirkebø, og dreiv til 1904. Då flytta han til Austlandet, men kom tilbake til Høyanger og bygde Ørens Hotell i 1920 (sjå Forretningsfamilien Øren).

Johan Kirkebø

Bror til Magnus Kirkebø, Johan Kirkebø, (1856-1937) bygde kai og vart ekspeditør for Fylkesbaatane og telefonstyrar på Kyrkjebø. Han dreiv også tre jekter, der sønene Edvard og Lars var skipperar.

Edvard Kirkebø

(1883-1974) overtok seinare som telefonstyrar, postopnar og dampskipsekspeditør. I Bergen vart han medeigar i reiarlaget Florvåg partsrederi. I nyare tid har denne slektsgreina vore hovudeigarar i reiarlaget «Seatrans».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2008