Måløy Brygge

Måløy Brygge lengst til høgre i dette biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Måløy Brygge var det første varehuset i ytre Nordfjord då det stod ferdig med 1. byggetrinn i 1997. Med andre byggetrinn i 1998 har Måløy Brygge eit samla areal på 6000 kvadratmeter.
Det vart bygt på Skram der firma J. Steenslid AS hadde byggevarelager og fiskeriselskapet Midtgård bud og lager. Bak Måløy Brygge AS står Reitan Eiendom (Rema 1000) og dei lokale investorane Torolf Stenslid og Knut Arne Vederhus. Ved starten hadde Måløy Brygge 16 forretningar forutan post og ein del kontorlokale til utleige.

Måløy Brygge frå sjøsida. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 20.04.2010