Hopp til innhold
X
Innhald

Måløy Meieri

Måløy Meieri vart grunnlagt 1926 av Kristen J. Sunde.

Måløy Meieri vart grunnlagt 1926 av Kristen J. Sunde.

Meieriet låg først på Midtgård. Der var det mottak av mjølk mot nordsida og meieriutsal mot Gate 1. I denne forretningsgarden vart kjellaren ei tid leigd ut til ein Thomsen som dreiv trykkeri. Der trykte han m.a. etikettar til sardin- og fiskeboksar. Seinare hadde Sigmund Kvalheim eit vaskeri i meierikjellaren.

Georg Kragseth, som i 1932 starta G. Kragseths Handelsskole på Nordfjordeid, leigde i 1931 eit lite hjørnerom på ca. 30 kvm. i meieribygget på Midtgård. Her dreiv han handelsskule eit års tid før han flytta til Nordfjordeid.

I 1958 bygde Måløy Meieri nytt produksjonsanlegg like ved hurtigrutekaia på Gotteberg. Dette bygget husa også Måløy Tollkontor og Firdakaféen som vart driven av Firda Ungdomslag. Måløy Meieri vart lagt ned i 1990.

Meieribygget som vart teke i bruk i 1958. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Meieribygget som vart teke i bruk i 1958. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2010