Hopp til innhold
X
Innhald

Måløy og Omegn Turistforening

Kannesteinen i Oppedal har vore eit mykje nytta motiv i arbeidet med å lokke turistar til Vågsøy. Foto: Dagfinn Nyhammer.

Kannesteinen i Oppedal har vore eit mykje nytta motiv i arbeidet med å lokke turistar til Vågsøy. Foto: Dagfinn Nyhammer.

Måløy og Omegn Turistforening vart skipa i 1936. Sidan denne foreninga etter kort tid gjekk i dvale, vart det skipa eit Måløy og Omegns Reiselivslag på 1960-talet og ei Vågsøy Turistnemnd. På 1980-talet tok Vågsøy Reiselivslag over stafettpinnen som kring 1990 gjekk vidare til eit interkommunalt samarbeidsselskap der kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven skipa Vestkapp Reiselivslag. Dette vart lagt ned etter kort tid, og både Selje og Vågsøy slutta seg til det nyskipa Reisemål Stryn & Nordfjord A/S.

I 1966 var det stort ståhei då M/S ”Meteor” vart det første turistskipet som vitja Måløy, og i 1969 vart den første turistbrosjyren gjeven ut i Vågsøy.

I 1976 vart det starta turistinformasjon ved Måløy Skipsekspedisjon sitt kontor på hurtigrutekaia på Gotteberg. Her hadde Bennett Reisebyrå noko tidlegare starta det første reisebyråkontoret i Nordfjord.

I 1990 gjorde Fred. Olsen Lines eit forsøk med ei passasjerrute med M/S ”Bolero” frå Molde, Ålesund og Måløy til England, men dårleg lønsemd gjorde at ruta vart lagd ned etter kort tid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.12.2009