Hopp til innhold
X
Innhald

Måløy Privatbank

DnB NOR i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

DnB NOR i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Privatbank vart skipa i 1929, og var på mange vis eit framhald av Ulvesund Kreditbank som hadde gått konkurs året før. Privatbanken overtok banklokala i første etasje i det store bygget ”Framsteg” som Sør-Vågsøy hadde overteke etter konkursen i Ulvesund Privatbank.

Høgsterettsadvokat Kaare Haga var banksjef i Måløy Privatbank i mange år i etterkrigstida.

I 1971 gjekk Måløy Privatbank inn i Bergens Privatbank som i 1975 slo seg saman med Bergens Kreditbank til Bergen Bank. Bergensbanken bygde stort bankhus ved Gate 1 på Skram. I 1990 slo Bergen Bank seg saman med Den norske Creditbank til Den norske Bank (DNB).

DnB NOR Bank ASA vart skipa i 2004 ved samanslåing av Den norske Bank ASA og Gjensidige NOR Sparebank ASA.

DnB NOR hadde i 2008 tre kontor i Sogn og Fjordane: I Måløy, Førde og Sogndal. I tillegg har banken gjort avtalar med 21 butikkar om ei såkalla ”bank i butikk”- ordning.

Men i 2014 vart kontoret i Måløy lagt ned, og tre tilsette fekk DNB-kontoret på Nordfjordeid som ny arbeidsplass.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.06.2015