Hopp til innhold
X
Innhald

Måløy Sildoljefabrikk A/S

Måløy Sildeoljefabrikk i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Sildeoljefabrikk i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

i Deknepollen vart grunnlagt 1942 av Gerhard Voldnes frå Fosnavåg. Eigedomen der fabrikken vart bygd, hadde fiskehandlar og fiskebåtreiar Ole Kr. Lefdal bygd ei sjøbu i 1921. I 1930 overtok Gerhard Voldnes denne eigedomen og dreiv ein liten sildoljefabrikk som vart sterkt øydelagd under Måløy-raidet 3. juledag 1941.

I 1942 vart så ein ny og stor sildoljefabrikk reist på tuftene. Fabrikken i Deknepollen var ein av dei største i landet i dei rike sildeåra på 1950-talet. Det vart også bygd losjihus m.a. for sildelossarar.

Måløy Sildoljefabrikk har sidan kjøpt opp Ulvesund Formelfabrikk. På 1990-talet kjøpte Arne Stang gjennom sitt selskap Welcon AS dei to fabrikkane i Måløy, og i 2000 vart dei igjen kjøpte opp av Pan Fish-gruppa og Arne Nore i dotterselskapet Pan Pelagic. Etter vanskane i Pan Fish tok Stang og Welcon AS igjen kontroll over sildoljefabrikken.

Fotomontasje som viser sildeoljefabrikken etter ei planlagd utviding i 2009. Fotomontasje: Nordwest 3D.

Fotomontasje som viser sildeoljefabrikken etter ei planlagd utviding i 2009. Fotomontasje: Nordwest 3D.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.01.2013