Måløy Sport

Måløy Sport. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Sport vart starta i 1945 av Olav Humborstad frå Kjølsdalen. Den heitte dei første åra Måløy Sykkel - & Sportsforretning.
I tillegg til sportsforretning dreiv Humborstad også med sykkelreparasjon. Han hadde også ein mindre produksjon av hummarteinar.
Olav Humborstad bygde eige forretningsbygg ved Gate 1 i 1964. Sonen Jarl Humborstad tok over som dagleg leiar i 1984.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 08.04.2010