Hopp til innhold
X
Innhald

Martin Holvik

Den tidlegare Holvik-butikken på Kleivedammen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare Holvik-butikken på Kleivedammen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Martin Holvik starta daglegvarehandel på Kleivedammen i 1948. I 1964 sette han opp forretningsbygget som står der i dag. Året etter overtok sonen Anders Holvik og ektemaken Arnlaug butikken. Etter at Anders døydde i 1993, dreiv Arnlaug butikken fram til ho la ned i 1997.

Ein annan son av Martin Holvik, Dagfinn Holvik, har drive møbelforretning på Sandane - Sjå Zerwekh & Co.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2011