Hopp til innhold
X
Innhald

Meieria i Gulen

På 1890-talet fekk mange bygder i Gulen sine eigne småmeieri. Desse kinna smør - nokre ysta også ost - som for det meste vart selt til Bergen med lokale kjøpmenn som kommisjonærar/mellommenn.

Dalsbygda Meieri og Midthunvaagen Meieri på Underthun i Eivindvik starta i 1892. Det siste vart lagt ned i 1895, men like etter vart det skipa nytt meieri i Gryta, som var i drift til ca. 1918. I Dalsbygda var det meieri fram til 1918, då det kom meieri på Dalsøyra. I 1893 kom Eidsbotn Meieri i Halsvik, Nordgulfjorden Meieri og Slettelandet Meieri.

Kring 1920 kom Dalsøyra Meieri/Eidsfjord (sjå John Jonsson Kjellevoll), Nordgulen Meieri, Austgulfjorden Meieri og Byrknes Meieri. Nokre av desse meieria leverte mjølka vidare til Manger Meieri i Nordhordland.

Brekke-området leverte til Høyanger

I bygdene langs Sognefjorden var det mange som leverte til det store Høyanger Meieri frå det vart bygt i 1932.

Bergensmeieriet kjem inn

I 1958 kom Eivindvik Meieri i drift i kjellaren under Olav Midthuns butikk. Den mjølka som meieriet ikkje produserte og omsette lokalt, vart sendt til Bergensmeieriet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2011