Hopp til innhold
X
Innhald

Meieria i Luster

Fylkets første meieri på Hafslo

Fylkets første meieri på Hafslo

Dei to første meieria i Sogn og Fjordane vart starta på Hove i Vik og på Hafslo i 1874. På Hafslo-meieriet var Karoline Skaarhaug tilsett som meierske. Ho hadde utdanna seg på Ås Høiere Landbruksskole (seinare kjent som Norges Landbrukshøgskole). Det var det lokale Landhusholdningselskapet som dreiv Hafslo-meieriet.

(Dette er mest sannsynleg den same foreninga som i andre samanhengar vert nemnt som Hafslo handelsforening som vart skipa i 1873, og som same året søkte om å drive ølskjenking i bygda.) Tanken var at meierska Karoline Skaarhaug, truleg frå Nordfjordeid, skulle ta imot unge jenter og gje dei opplæring. Men dette første meieriet greidde ikkje å halde drifta i gang. Etter tre år vart det lagt ned.

Frudammen på Døsen med kvernhus og stampe. Vassrenna til høgre fører inn til Lyster Meieri. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frudammen på Døsen med kvernhus og stampe. Vassrenna til høgre fører inn til Lyster Meieri. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lyster Meieri

Lyster Meieri vart starta i 1888 og var i drift til 1894. Det var handelsmann Døsen som bygde meieriet, som hadde smørkinne og «broaka», samt utstyr for brunostkoking. Mjølka kjøpte han frå bøndene kring inste Lustrafjorden. Sjå også: Handelsstaden Døsen.

Meieri på Røneid

På Røneid vart eit nedlagt skulehus nytta m.a. til meieri i ein kort periode kring 1900. Sjå: Handel og gjestgiveri på Røneid.

Meieri på Sperle

På Sperle i Jostedalen vart det på same tid bygt eit lite meieri som vart lagt ned etter 10-12 års drift. Huset vart seinare overteke og utbygt av ungdomslaget «Fram» til ungdomshuset «Framheim».

Frå Solvorn gjekk det på 1960-talet ferje med mjølk til Årdal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Frå Solvorn gjekk det på 1960-talet ferje med mjølk til Årdal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjølka til Årdal

Då det nye industrisamfunnet i Årdal vart skapt like etter 2. verdskrig, vart også Årdal Meierilag skipa. Det bygde eit moderne meieri som tok imot mjølk frå Lærdal, Borgund, Årdal og store delar av tidlegare Luster kommune. Sjå: Industri og næring i Årdal.

Inn i Indre Sogn Meierilag

Men korkje kommunikasjonsmessig eller av andre grunnar kjende folk i dåverande Hafslo kommune same tilknytinga som lustringane til Årdal. Difor gjekk dei inn i Indre Sogn Meierilag då dette vart skipa i 1951, og leverte mjølka til det nye stormeieriet som laget bygde i Sogndal i 1955. Meieriet i Årdal var slege saman med Sogn Meieri på 1970-talet. Sogndal Meieri vart lagt ned i 1996, då sentralmeieriet for fylket opna på Byrkjelo i Gloppen.

Smørlaga i Luster

Frå 1935 vart det skipa ei mengd såkalla «smørlag» i Luster.

Garden Tang på Hafslo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Garden Tang på Hafslo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.04.2011