Hopp til innhold
X
Innhald

Meieriplanar i Hornindal

Dette huset vart bygt som meieri i 1933, seinare vart det produsert takstein og murstein her. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette huset vart bygt som meieri i 1933, seinare vart det produsert takstein og murstein her. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1933 vart det bygt eit lite meieri på Grodås. Mjølka vart m.a. frakta til meieriet med ein båt på Hornindalsvatnet. Denne gjekk på folkemunne for «Melkesedek».

Dette meieriet gjekk inn etter kort tid, og bygningane vart brukt ei tid av Jørgen S. Lien for produksjon av murstein og takstein.

I 1949 freista fleire organisasjonar som bondelaga, smørlaget og samyrkelaget å starte eit nytt og større meieri i Hornindal. På den tida leverte nemleg bøndene i kommunen mjølk i tre retningar - til meieri i Stryn, på Nordfjordeid og i Sunnylven. Forsøket mislukkast, og det same gjorde ein freistnad på å starte ein såkalla skummestasjon i 1951. Hornindal Smørlag vart lagt ned i 1954.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011