Møbelforretninga Gangsø Eftf. AS

Gangsø Eftf. i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Møbelforretninga Gangsø Eftf. AS i Måløy er ei av dei største i fylket, og vart grunnlagd i 1941 av Ragnvald Gangsø. Han hadde i 1939 starta med agentur- og grossistverksemd. Svigersonen Arne Frantzen vart teken opp som kompanjong like etter 2. verdskrig, og i 1949 bygde Gangsø eit fire-etasjes forretnings- og bustadbygg ved Gate 1 på Sæternes. Her dreiv han også ei tid kjøtforretning. Arne Frantzens son Per Gunnar overtok som dagleg leiar i 1980.
Eit nybygg på motsett side av gata vart bygt i etappar frå 1965 til 1985, og er no på fire etasjar. I 1998 kjøpte Gangsø Eftf. nabobygget «Føleidehuset» for å utvide møbelforretninga.
I 2008 bygde Gangsø eit nytt varehus på 7000 kvadratmeter på Myrane i Deknepollen, Måløy Stormarked. I tillegg til eigne forretningar, rommar bygget m.a. ein stor butikk for Europris.

Møbelvarehuset til Gangsø Eftf. på Myra i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 01.02.2010