Hopp til innhold
X
Innhald

Moldøen Canning Co.

Moldøen Canning Co. Grunnlagt 1910 av Hans Søreide og Anton Lien.

Moldøen Canning Co. Grunnlagt 1910 av Hans Søreide og Anton Lien.

Frå 1913 kom Ole Kr. Lefdal inn som kompanjong. Hermetikkfabrikken heldt til i trebygningar i Måløy sentrum. Det meste brann i 1946, og i det nye betongbygget dreiv fabrikken fram til 1968. Seinare vart bygget kjøpt av Selstad-gruppa og bygd om til husvære.

Litt ovanfor fabrikken hadde dei første eigarane av Moldøen Canning Co. bygd ein arbeidarbustad som i 1918 vart kjøpt av Amanda og Jonas Holvik og sidan brukt som Holviks Pensjonat (sjå Hotell og pensjonat i Vågsøy).

Moldøen Canning er i dag bygd om til husvære. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Moldøen Canning er i dag bygd om til husvære. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2010