Moldøen mek. Verksted

Verlo A/S i 1940. Den største båten på slippen er MS Valder, medan lystbåten nærast heiter Hebe. Fiskeskøyta er ikkje identifisert. Ukjend fotograf, eigar Alf Verlo/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Moldøen mek. Verksted vart grunnlagt på Skram i Måløy i 1912 av ing. Ellef Ellefsen.
Ellefsen var svigerson til Johan Pederson Totland, som dreiv stort fiskebåtreiarlag og bygde stor sjøbu på Skram – seinare halla «Belsen».
Ellefsen dreiv slippen fram til den gjekk konkurs i 1920. Slippen vart overteken av kjøpmann Ludvig Brunsvik (sjå Brunsviks Eftf.)
Verlo A/S frå 1936
I 1936 kjøpte brørne Reidar, Alf og Magnus Verlo frå Utvik anlegget. Verlo A/S har sidan drive slipp og skipsutstyrs- og jernvareforretning i Måløy. Firmaet bygde i 1956 den første vognslippen i Nordfjord. Slippen vart utbygd til å kunne ta båtar opp til 100 fot.
I 2006 vart skipsfirmaet Verlo A/S selt til Knut Helge Sørpoll, Per Jørgen Silden, Malvin Silden og Roger Silden.
I 2012 kjøpte Verlo AS saman med Lyng AS Blaalid Slip og Mek. Verksted, som gjekk konkurs i 2011 og etablerte driftsselskapet Stadyard AS for å få ny drift på det tidlegare Blaalid-verftet.

Verlo A/S i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 13.01.2012