Hopp til innhold
X
Innhald

Mons Ivarson Ulviksbakken

Grøttebui i 1906. Til høgre står eigaren Per Nilsson Grøthe. Til venstre dottera Brita, deretter kona Sila f. Hegg og sonen Jon. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Grøttebui i 1906. Til høgre står eigaren Per Nilsson Grøthe. Til venstre dottera Brita, deretter kona Sila f. Hegg og sonen Jon. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Mons Ivarson Ulviksbakken starta ca. 1895 landhandel på ”Kremmarhaugen” på Hegg i Borgund. I 1899 gifta han eg med forretningskvinna Petrine Ingebrigtsdotter Kristoffersen på Lærdalsøyri og flytta ned dit for å drive forretning der.

Forretninga på Hegg vart teken over av Per Nilsson Grøthe, og etter han vart denne butikken seinare heitande Grøttebui på folkemunne.

Per Grøthe var utdanna lærar og hadde arbeidd i Eivindvik og Hemsedal før han vart huslærar hjå hotellfamilien på Maristuen. Det var i hovudsak ektemaken Sila f. Hegg som dreiv handelen i Grøttebui, medan Per arbeidde som lærar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.12.2009