Hopp til innhold
X
Innhald

Mons Thorsen - bakeri og daglegvare

Mons Thorsen (nærast) og Ingvald Jensen i det gamle Foreningsbakeriet, der Thorsen arbeidde før han starta sitt eige bakeri i 1926. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Mons Thorsen (nærast) og Ingvald Jensen i det gamle Foreningsbakeriet, der Thorsen arbeidde før han starta sitt eige bakeri i 1926. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Mons Thorsen starta bakeri i Vik i 1926. Han kjøpte ”Wangehuset” i 1928 og starta også vanleg landhandel i første og kafé i andre etasje. Dei såkalla «bonde-tebrøda» frå Thorsen Dampbakeri var etterspurd vare i heile Sogn, og han hadde mange tilsette.

Etter handelsutdanning starta Thorsen landhandel, først i bygget til Johs. Hove AS , og frå 1928 i eige bygg, då han kjøpte «Vangehuset». Han bygde på og hadde kafé i andre høgda. I 1950 kjøpte han det over 100 år gamle Hopstock Hotell, og sette systera Malene Thorsen til å drive det. I 1956 bygde han det første motellet i Noreg like ved Hopstock Hotell.

I 1983 vart daglegvarehandel og bakeri selt til Åge Helleland, som i 1989 gjekk inn i FM-kjeden og flytta til Vikjatunet under namnet Vik Daglegvare. Han starta også konditori. Seinare gjekk forretninga inn i RIMI-kjeden.

Mons Thorsen (nr. 2 frå venstre) med bilen sin, ein Cadillac. Mannen lengst til venstre er John B. Hove, til høgre står Knut Holen. Ukjend fotograf. Eigar: Reidar Hove/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

RIMI Vik held til i Vikjatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

RIMI Vik held til i Vikjatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 08.06.2011