Hopp til innhold
X
Innhald

N. H. Lerum Assortert Landhandel

Landhandelen på Sørheim er restaurert av Lerum-familien. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Landhandelen på Sørheim er restaurert av Lerum-familien. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

N. H. Lerum Assortert Landhandel vart starta på Sørheim i 1905 av Kari og Nils H. Lerum. I 1907 tok dei og til med produksjon av saft og bygde i 1909 eit ”safthus”.

Men isen på Lustrafjorden skapte vanskar for transporten, og i 1919 vart verksemda flytta til Sogndal, der det utvikla seg til eit stort konser innan saft, syltetøy og leskedrikkar.

Les meir om Lerum-konsernet under Sogndal kommune.

Lerum-familien har restaurert landhandelen og saftfabrikken på Sørheim og gjort det til eit museum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lerum-familien har restaurert landhandelen og saftfabrikken på Sørheim og gjort det til eit museum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.03.2011