Hopp til innhold
X
Innhald

N. H. Lerums Saftfabrikk A/S

Den første saftfabrikken på Sørheim i Luster er restaurert av Lerum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Den første saftfabrikken på Sørheim i Luster er restaurert av Lerum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kari og Nils H. Lerum starta i det små på Sørheim. Det utvikla seg til eit konsern med dimensjonar dei neppe såg føre seg.

Kari og Nils H. Lerum starta i det små på Sørheim. Det utvikla seg til eit konsern med dimensjonar dei neppe såg føre seg.

Lerum starta verksemda si på Sørheim i Luster, og flytta i 1919 til Sogndal. Frå 1982 til 1991 dreiv også Lerum ein stor produksjon av syltetøy på Hermansverk, der dei tok over det konkursråka Bergens & Drægni Produkter.

Det starta i Luster

På same vis som med konservespionéren Halvard Drægni, starta også Lerum verksemda si i Luster: I 1906 starta det unge paret Nils Hansson Lerum og Kari Hansdotter Ørbech med landhandel i heimbygda Sørheim på austsida av Lustrafjorden. Her tok dei imot m.a. bringebær som folk fekk byte i kjøpevarer. For å berge desse bæra, starta dei saftproduksjon i mindre målestokk. Dei bygde ein liten fabrikk i 1909. Denne vart restaurert i 1997.

I 1918 var produksjonen i den vesle fabrikken komen opp i 40.000 liter saft og 20.000 kilo syltetøy.

Den første fabrikken i Sogndalsfjøra.

Den første fabrikken i Sogndalsfjøra.

Lerum kjem til Sogndal

I 1919 flytta Lerum produksjonen til Sogndal og skipa A/S N. H. Lerums Saftfabrikk med grunnleggjaren Nils Hansson Lerum som hovudaksjonær. I 1920 tok Lerum i bruk ein ny, stor konservesfabrikk på ei sjøtomt like ved Sogndalsfjøra. Dette skjedde på same tid som også Halvard Drægni flytta frå Skjolden til ein ny, stor fabrikk på Hermansverk. Isproblema i Lustrafjorden var avgjerande for at Drægni flytta ut, og det same var truleg i tankane til Lerum også? Lerum dreiv i mellomkrigstida aktiv marknadsføring av produkta sine, og vann m.a. gullmedaljar for produkta på Landsutstillinga i Bergen i 1928.

Annonse frå 1930-talet der Lerum reklamerte for rabarbravin, vermouth og fruktvinen Gilde.

Annonse frå 1930-talet der Lerum reklamerte for rabarbravin, vermouth og fruktvinen Gilde.

Også vinproduksjon

I åra 1916-1927 var det forbod mot omsetning av brennevin i Noreg, noko som m.a. førte til mykje smugling. Frå 1917 var det også forbod mot sal av vin. Då forbodet vart oppheva i 1927 var Lerum ein av dei norske saftfabrikkane som starta med produksjon av fruktvin. Denne vart selt under merket «Gilde». Vinen var framstilt av rabarbra. Vinproduksjonen tok slutt kring 1935.

Etter nokre år trekte N. H. Lerum seg tilbake til styreleiarposten og overlet disponentjobben til Kristian Offredal fram til 1950. Men han sjølv sat som styreformann fram til 1961.

Karl Leum med sonen Kåre tidleg på 1940-talet.

Karl Leum med sonen Kåre tidleg på 1940-talet.

I 1950 vart så sonesonen til grunnleggjaren, Karl Lerum disponent, og sidan har sønene hans, Kåre Lerum fødd 1939 og Bjarne Lerum fødd 1941, vore med i den daglege leiinga av verksemda. Til syskenflokken Lerum høyrer også ei kjend forretnings- og organisasjonskvinne, hotelldirektør Gerd Kjellaug Berge ved Selje Hotell.

Tredje generasjon, brørne Bjarne, Kåre og Vidar Lerum. Sistnemnde er arkitekt og har mellom anna teikna Lerum-anlegget på Kaupangerskogen.

Tredje generasjon, brørne Bjarne, Kåre og Vidar Lerum. Sistnemnde er arkitekt og har mellom anna teikna Lerum-anlegget på Kaupangerskogen.

Les meir om Lerum-konsernet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011