Hopp til innhold
X
Innhald

Næss sine verksemder i Høyheimsvik

Landhandelen som Sakris Næss starta var i huset midt på biletet. Til venstre for det ligg Lustrafjorden Kro, og hyttene til Luster Fjordhytter ligg på begge sider. Foto: Stein Næss.

Landhandelen som Sakris Næss starta var i huset midt på biletet. Til venstre for det ligg Lustrafjorden Kro, og hyttene til Luster Fjordhytter ligg på begge sider. Foto: Stein Næss.

Sakris O. Næss starta landhandel og bakeri i Høyheimsvik i 1905. Sakris hadde eigentleg tenkt å emigrere til Amerika, men for at han skulle bli heime, bygde faren, den tidlegare driftekaren Ole Z. Næss, ein butikk til sonen. Sakris dreiv også kaia og var poststyrar. Han dreiv dessutan eit sagbruk.

Luster Fjordhytter

I 1951 overtok sonen Hans Bugge Næss landhandel og bakeri, post og dampskipsekspedisjon. Sonen Stein Næss var utdanna siviløkonom og arbeidde som lærar før han i 1979 overtok verksemda i Høyheimsvik. Forretninga hadde også stort sal av kraftfôr, gjødsel og andre landbruksvarer.

Luster Fjordhytter

I 1987 bygde Næss eit stort kombinasjonsbygg med lager i 1. etasje og åtte hyttehusvære på toppen - kalla Luster Fjordhytter. I 1993 kom det opp eit servicebygg med resepsjon og selskapslokale, og i 1994 fire nye rekkjehytter. Same året vart det bygt ny kai.

Frå Luster Fjordhytter kan turistane nyte synet av Feigumfossen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Frå Luster Fjordhytter kan turistane nyte synet av Feigumfossen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lustrafjorden Kro

Stein Næss la ned butikken i 2000 og leigde lokalet ut til Tomas Skjerven som dreiv Lustrafjorden Kro i lokala til det enda med konkurs i 2002. Drifta vart kort tid etter teken opp att av Turid Øyene Morken, og i 2006 tok Gøril Elsxebe Urdahl over eigedomen og drifta av kroa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011