Naustdal & Vevring Brandtrygdelag
Naustdal & Vevring Brandtrygdelag vart grunnlagt i 1900, først for Naustdal, og frå 1908 også for dåverande Vevring kommune. Ein sentral person ved skipinga var Anders Martinus Andersson Erdal.
Då dei lokale branntrygdelaga i Sunnfjord slo seg saman i 1964, heldt Naustdal & Vevring Brandtrygdelag seg utanfor, men gjekk inn i den store eininga Gjensidige Sogn og Fjordane i 1986.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 20.12.2009