Hopp til innhold
X
Innhald

Naustdal Automobilselskap

I dag er det Firda Billag som driv rutekøyring i Naustedalen. På Fimland har billaget garasje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dag er det Firda Billag som driv rutekøyring i Naustedalen. På Fimland har billaget garasje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Automobilselskap vart skipa av aksjonærar i Instedalen i 1928. Dette lokale billaget starta rutedrift opp Naustedalen i 1929. Kommunestyret fastsette at farten på rutebilane maksimalt kunne vere 15 kilometer i timen.

Laget endra namn til Naustdal Billag, og dreiv rutedrift i dalen fram til 1942, då det gjekk inn i Firda Billag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.12.2009