Hopp til innhold
X
Innhald

Naustdal Dampbakeri

Naustdal Dampbakeri heldt til i dette huset i Naustdal. Privat foto, utlånt av Ragnar Berntsen.

Naustdal Dampbakeri heldt til i dette huset i Naustdal. Privat foto, utlånt av Ragnar Berntsen.

Ola Berntsen starta bakeri i Naustdal i 1895. Ola Berntsen var husmannsson frå Naustdal. I 1949 skipa sonen Jetmund og Alfred Rygg om selskapet til Naustdal Dampbakeri AS. Dei to leverte den første tida bakarvarer til kundar frå Jølster til Stavang, og dreiv sal av brød frå spesialinnreidd bil.

Flytting til Førde

Sønene til Jetmund, Ragnar og Olav, dreiv verksemda vidare. Fordi Naustdal Dampbakeri ikkje fekk tomt i Naustdal, flytta verksemda i 1986 til nytt produksjonsanlegg på Kronborg i Førde kommune, der firmaet også driv konditori.

Naustdal Dampbakeri hadde i 2009 ei omsetning på over 42 millionar kroner. Selskapet hadde i 2010 80 tilsette fordelt på 40 årsverk, og har to utsal og konditori i Førde.

I 2010 tok fjerde generasjon Berntsen over, med Martin Berntsen som dagleg leiar.

Naustdal Dampbakeri på Kronborg i Førde. Foto: Kjell Arvid stølen, NRK.

Naustdal Dampbakeri på Kronborg i Førde. Foto: Kjell Arvid stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2010