Hopp til innhold
X
Innhald

Naustdal Samyrkelag

Coop Marked i Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Marked i Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Samyrkelag skipa 1946, med landhandel og radioforretning. I 1979 vart samyrkelaget slege saman med Naustdal Handelslag, som sidan 1910 hadde drive butikk på Kalland i Naustedalen. Dette laget hadde sidan krigen drive filial på Fimland i Instedalen, og denne butikken fylgde ved samanslåinga med inn i Naustdal Samyrkelag.

Filialen på Fimland fekk nybygg i 1983, og då samyrkelaget i 1989 la ned drifta, skipa bygdefolket aksjelag og tok over butikkdrifta på Fimland og dreiv den vidare under namnet Fimlandsbua.

I 1993 vart Naustdal Samyrkelag slege saman med Førde Samyrkelag som vart kjernen i det som i dag er kjent som storkonsernet Coop Sogn og Fjordane BA. Forretninga på Kalland har i dag namnet Coop Marked Kalland, medan avdelinga i Naustdal heiter Coop Marked Naustdal.

Det første forretningsbygget til Naustdal Samyrkelag, i dag kjent som Thunebygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det første forretningsbygget til Naustdal Samyrkelag, i dag kjent som Thunebygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.12.2010