Hopp til innhold
X
Innhald

Nes Camping

Nes Camping. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nes Camping. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nes Camping på Nes vart starta alt på 1930-talet av Anton Lingjerde. Dette var såleis ein av dei aller første campingplassane på Vestlandet.

Sonen Sverre Lingjerde tok over drifta kring 1950. I 1987 overtok Sverre Lingjerde si dotter, Karin, saman med ektemaken Harald Lingjerde.

Nes Camping har åtte hytter og 25 oppstillingsplassar for campingvogner og bubilar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.01.2010