Hopp til innhold
X
Innhald

Nesje & Co.

Nesje & Co. landhandel vart starta i Stryn i 1932 av Sverre og Mathias Nesje. Dei hadde også det lokale medisinutsalet før Stryn Apotek vart skipa.

Brørne bygde forretningsgard på Tonning i 1970. Sverre Nesje var dagleg leiar fram til 1979 då Mathias sin son, Svein Nesje, overtok og dreiv til 1991, då han leigde ut til Rimi-kjeda.

Etter at lokala vart for trange for Rimi, leigde Ricco Vero butikklokala.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.02.2010