Hopp til innhold
X
Innhald

Nord-Vågsøy Samyrkelag

Coop Marked Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Marked Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nord-Vågsøy Samyrkelag vart skipa på Raudeberg i 1944. Butikken starta i eit lite hus ved riksvegen sør for vegkrysset i Raudeberg sentrum og gjekk på folkemunne for ”kooperativen”.

Seinare vart Coop Marked på Raudeberg ein del av Coop Vest som har hovudsete i Førde. Butikken fekk tilhald i ein bygning som tidlegare vart nytta til fiskeforedling. Men i 2014 avgjorde Coop Vest at butikken på Raudeberg skal leggast ned innan 30. september same året.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.06.2014