Nord-Vågsøy Sparebank

Sparebanken Vest i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Nord-Vågsøy Sparebank vart skipa i 1917 med kontor på Raudeberg.
Etter kommunesamanslåinga i 1964 endra banken namn til Vågsøy Sparebank og fekk hovudkontor i Måløy sentrum.
I 1971 gjekk banken inn i Nordfjord Sparebank, saman med sparebankane i Selje og Eid. Nordfjord Sparebank hadde ei tid avdeling på Bryggja.
I 1989 gjekk Nordfjord Sparebank inn i Sparebanken Vest.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 08.04.2010