Hopp til innhold
X
Innhald

Nordeide Transport A/S

Svein Rune Nordeide. Foto: NRK.

Svein Rune Nordeide. Foto: NRK.

Nordeide Transport A/S vart grunnlagt i 1970 av Svein Rune Nordeide. I år 2000 hadde firmaet 11 vogntog, 17 tilsette og ei omsetning på 20 millionar kroner.

Hovudkundane til Nordeide var slugfabrikken og Fundo i Høyanger, og då den økonomiske krisa råka Fundo kring tusenårsskiftet, førde dette til at Nordeide måtte slå selskapet sitt konkurs i 2001.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2009