Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Kjøtt AS

Nordfjord Kjøtt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Kjøtt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Kjøtt AS i Loen er i dag ein av dei største, norske kjøtvareprodusentane utanom landbrukssamvirket, med ei årsomsetning på over ein milliard. Verksemda er privateigd, men hadde opphavet sitt i ein opprivande strid mellom kjøtprodusentane i Nordfjord på 1950-talet.

Bitter lokaliseringsstrid

Nordfjord Kjøttindustri A/S vart grunnlagt i 1961 i Olden, som eit resultat av ein bitter lokaliseringsstrid i Nordfjord:

Frå slakterianlegget til Nordfjord Kjøtt. Foto: Bård Siem, NRK.

Frå slakterianlegget til Nordfjord Kjøtt. Foto: Bård Siem, NRK.

Bøndene sin eigen samvirkeorganisasjon - Vestlandske Salslag (VS) – satsa på utbygging av store sentralslakteri: Sogn Slakteri kom i Sogndal 1956, Sunnfjord Slakteri i Førde 1964, og så eit tilsvarande anlegg i Nordfjord ein stad. VS hadde signalisert at dei kunne byggje slakteriet i Olden eller Stryn, men bestemte seg til slutt for Nordfjordeid etter eit snedig røystekupp frå bønder i Eid.

Dette vekte sterk harme i Indre Nordfjord, og Nordfjord Kjøttindustri vart skipa som eit dotterselskap av Stryn Meieri. Slakteriet vart bygd på Muri i Olden i 1961, med meieri-disponent Leif Roksvåg som dagleg leiar. (Sjå også «Slakteristriden i Nordfjord»).

 Nordfjord Kjøtt. Foto: Cosmin Cosma

Nordfjord Kjøtt. Foto: Cosmin Cosma

Flytta til Loen

I 1970 overtok Roksvåg som eigar av bedrifta. I 1978 bygde Nordfjord Kjøttindustri nytt storslakteri på 8500 km i Loen. Seinare er anlegget mykje utvida, og bedrifta hadde også ei tid anlegg i Oslo. Namnet har seinare vorte endra til Nordfjord Kjøtt AS.

Milliardomsetning

Nordfjord Kjøtt-konsernet er delt i to produksjonsselskap: Nordfjord Kjøtt AS med 231 tilsette og ei omsetning på nærmare 995 millionar kroner i 2006, og Nordfjord Kjøtt Slakt AS med 22 tilsette og ei omsetning på 115 millionar kroner i 2006. Berre kring 20 prosent av slaktet som trengst til produksjonen kjem frå eige slakteri. Resten vert kjøpt frå andre slakteri. I 2010 hadde den samla omsetninga til konsernet auka til nær 1,8 milliardar kroner. Frå 2001 til 2011 vart det investert for 690 millionar kroner i anlegget i Loen. Mellom anna vart det reist eit nytt fryseri på 4500 kvm. Fram til dette vart teke i bruk i slutten av 2011 måtte Nordfjord Kjøtt leige frysekapasitet hjå Domstein i Måløy.

I 2014 hadde talet på tilsette på anlegget i Loen auka til 380, og Nordfjord Kjøtt omsette for 2,2 milliardar kroner i 2013. Alle produkta blir selde til Rema 1000. Ein stor del av dei tilsette kjem frå Aust-Europa.

Den tidlegare slakteribygningen til Nordfjord Kjøtindustri i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare slakteribygningen til Nordfjord Kjøtindustri i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden-slakteriet vart selt

Slakteribygget i Olden vart i 1987 overteke av Nor-Import. Nordfjord Kjøtt har sidan 1970 vore heileigd av Roksvåg-familien gjennom holdingselskapet Legula AS. I 2006 vart sonen til Leif, Torleif Roksvåg, kjøpt ut av holdingselskapet av broren Geir Egil Roksvåg.

Geir Egil Roksvåg. Foto: Benedicte Hole, NRK.

Geir Egil Roksvåg. Foto: Benedicte Hole, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2014