Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Kjøttindustri (Nordfjord Kjøtt)

Nordfjord Kjøtt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Kjøtt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Kjøttindustri A/S vart grunnlagt i 1961 i Olden, som eit resultat av ein bitter lokaliseringsstrid i Nordfjord:

Bøndene sin eigen samvirkeorganisasjon - Vestlandske Salslag (VS) – satsa på utbygging av store sentralslakteri: Sogn Slakteri kom i Sogndal 1956, Sunnfjord Slakteri i Førde 1964, og så eit tilsvarande anlegg i Nordfjord ein stad. VS hadde signalisert at dei kunne byggje slakteriet i Olden eller Stryn, men bestemte seg til slutt for Nordfjordeid etter eit snedig røystekupp frå bønder i Eid.

Dette vekte sterk harme i Indre Nordfjord, og Nordfjord Kjøttindustri vart skipa som eit dotterselskap av Stryn Meieri. Slakteriet vart bygd på Muri i Olden i 1961, med meieri-disponent Leif Roksvåg som dagleg leiar. (Sjå også «Slakteristriden i Nordfjord»).

 Nordfjord Kjøtt. Foto: Cosmin Cosma

Nordfjord Kjøtt. Foto: Cosmin Cosma

I 1970 overtok Roksvåg som eigar av bedrifta. I 1978 bygde Nordfjord Kjøttindustri nytt storslakteri på 8500 km. Seinare er anlegget mykje utvida, og bedrifta hadde også ei tid anlegg i Oslo.

Nordfjord Kjøtt hadde i 2001 280 tilsette, og ei årsomsetning på 500 millionar kroner. Det er den største arbeidsplassen i indre Nordfjord, og produksjonslokala i Loen var på 18.000 kvm i år 2001. Slakteribygget i Olden vart i 1987 overteke av Nor-Import.

Nordfjord Kjøtt har sidan 1970 vore heileigd av Roksvåg-familien gjennom holdingselskapet Legula AS. I 2006 vart sonen til Leif, Torleif Roksvåg, kjøpt ut av holdingselskapet av broren Geir Egil Roksvåg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.08.2009