Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Mekaniske AS

Nybygget til Nomek AS under bygging i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nybygget til Nomek AS under bygging i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nordfjord Mekaniske AS vart starta i Stryn i 1998 av Elias Loen, Bjørn Åge Flo og selskapet ISCO.

Verksemda heiter no NOMEK AS og produserer mekaniske komponentar til m.a. Vest Busscar og slamsugarbilar. I 2006 hadde verksemda 15 tilsette og ein omsetning på kring 20 millionar kroner.

I 2007 kjøpte NOMEK/Industrilakk eit industribygg på 1500 kvadratemeter frå Stryn kommune. Bygget hadde tidlegare husa ålesundsfirmaet Humlen Industrier sin tekstilfabrikk i Stryn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2011