Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L

I 1914 vart aksjeselskapet Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap skipa. Bakgrunnen var bilen, som fekk sitt gjennombrot som transportmiddel i turisttrafikken kring 1912. 

I 1914 vart aksjeselskapet Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap skipa. Hovudaksjonærane var kommunar i indre Nordfjord og på indre Sunnmøre. Men på same vis som i indre Sogn og langs strekninga Vadheim-Sandane, var det hotelleigarane som vart dei sterkaste pådrivarane for skiping av billaget i Nordfjord. Billaget starta i dei indre fjordstroka, men etter få år slutta også kommunane ytre strok seg til billaget.

Ein av dei to bilane Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap starta med i 1914, av merket Labuere. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”.

Ein av dei to bilane Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap starta med i 1914, av merket Labuere. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”.

Motstand mot bilen

Bilen fekk sitt gjennombrot som transportmiddel i turisttrafikken kring 1912. Då starta den første turistruta Oppstryn-Otta-Geiranger. Vegstrekninga Vadheim-Sandane vart prøvekøyrd av den første bilen same året, og det same hende i Lærdal med trafikken over Filefjell. På få år hadde den raske bilen teke over turistane frå hestekuskane. Men det skjedde ikkje utan kamp: Hesteskyss hadde vorte ei lønsam tilleggsnæring for bønder langs turistrutene. No reiste dei seg til kamp mot den nye tida – og vann langt på veg fram: I fleire kommunar vart det lagt ned totalforbod mot all bilkøyring, og i 1913 vedtok jamvel fylkestinget i Sogn og Fjordane at det berre skulle vere tillate å nytte bilar til rutebildrift. Men bilen var sjølvsagt komen for å bli, og kampen mot den nye tida var nyttelaus.

I 1920 vart Norangsdalens Auto ein del av billaget. Med på lasset fylgde mellom anna denne bilen. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”.

I 1920 vart Norangsdalens Auto ein del av billaget. Med på lasset fylgde mellom anna denne bilen. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”.

Overland-køyringa la grunnlaget

Då dei store turistskipa - dei flytande hotella som dei vart kalla - tok til å vitje indre Nordfjord frå 1894 og utover, vart såkalla overland-turar eit svært populært tilbod. På desse turane vart passasjerane på turistskipa t.d. sette på land i Stryn og derfrå skyssa med hest og kjerre over land gjennom Hornindal til Øye i Norangsdalen eller Hellesylt på sunnmørssida – eller dei vart skyssa opp til Strynevatnet, frakta med båt til Hjelle i Oppstryn, og derifrå med hestekjerre over Strynefjellet til Grotli og ned att til Geiranger. Der steig dei om bord i turistskipet som i mellomtida hadde gått rundt Stad. Det var overland-ruta frå Visnes i Stryn og gjennom Hornindal mot Sunnmøre som la grunnlaget for skipinga av Nordfjord og Sunnmøre Billag, og det var først og fremst hotelleigarane som gjekk i brodden for skipinga.

Overlandsturane mellom Stryn og Geiranger vart ei viktig inntektskjelde for Nordfjord og Sunnmøre Billag. Dette er eitt av synsinntrykka frå denne turen, Breifonna sett frå Hjelledalen.

Overlandsturane mellom Stryn og Geiranger vart ei viktig inntektskjelde for Nordfjord og Sunnmøre Billag. Dette er eitt av synsinntrykka frå denne turen, Breifonna sett frå Hjelledalen.

Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap

På eit møte på ungdomshuset Dølheim i Hornindal den 15. april 1914 vart Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap skipa av utsendingar frå dei fire kommunane Stryn, Innvik, Hornindal, Synnylven og Eid. Turistbygda Olden, som på den tida høyrde til Innvik kommune, hadde også sitt vegsamband nordover mot Stryn. Difor fekk også Olden sine to representantar i det første billagsstyret: Frå Olden (Innvik): Hotelleigar Sivert Yri og Rasmus Løken. Frå Stryn: Hotelleigar Markus Loen og Arne Berstad. Frå Hornindal: Sokneprest Anton Schønning Johnsen og Jon Ytrehorn. Frå Eid:Postmeister Smidt og Jon Skaar. Frå Sunnylven: Hotelleigar Christen Stadheim og O. Langeland. Fordelinga av aksjekapitalen på 44.600 kroner fortel litt og ”styrkeforholdet” i det nye billaget: Stryn med 18.400 kroner, Hornindal med 11.800 kroner, Eid med 9600 kroner, Innvik (for Olden-interessene) med 7800 kroner og Sunnylven med 7000 kroner.

Markus Loen sat i det første styret i billaget.

Markus Loen sat i det første styret i billaget.

Peter Tenden hadde vore med og stifta Stryns Auto.

Peter Tenden hadde vore med og stifta Stryns Auto.

Fylkesmannen måtte rydde opp

Men før ein kom så langt som til skiping av eitt billag som femnde om fem kommunar, måtte det ryddast opp i både konsesjonar og ruteløyve. - For på same vis som i Lærdal, var det mange som på denne tida hadde satsa på rutebildrift i Nordfjord: I Stryn hadde hotelleigar Peter Tenden saman med andre skipa Stryns Auto og skaffa seg eigen bil, og på Nordfjordeid var ”Eids Auto ” og ”Eids Billag” under skiping. Fylkesmann Ingolf Christensen skulle kome til å verte den store strategen og den mektigaste ”samferdslepolitikar” i Sogn og Fjordane i åra kring 1. verdskrig. Han mislikte at fleire små ruteselskap skulle konkurrere på same vegstrekningane, og oppmoda difor nordfjordingane om å samle seg om eitt selskap. Krinsen kring Stryn Auto var først motvillige til samanslåinga, men gjekk etter ei tid inn det interkommunale Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap. Planane om eigne rutebillag i Eid vart av same grunn lagde bort.

Denne Volvoen, registrert i 1949, vart brukt på ruta mellom Stryn og Sandane. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”.

Denne Volvoen, registrert i 1949, vart brukt på ruta mellom Stryn og Sandane. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”.

Sunnmøringane innordna seg

Sjølv om både Hjørundfjorden med Norangsdalen og Hellesylt i Sunnylven hadde store interesser i overland-turane med turistar frå Nordfjord, var det berre Sunnylven kommune som gjekk inn med aksjekapital ved skipinga av Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap i 1914 – og då med den minste aksjeposten. Dåverande Hjørundfjord kommune heldt seg utanfor. Forklaringa låg i at det på same tid vart skipa eit rutebillag for Hjørundfjorden og Sunnylven som heitte Norangsdalen Auto, og dette skulle fort føre til problem: Dei første opplegga for overlandsturar måtte ta omsyn til rutelaget i Norangsdalen. Difor måtte turistane stige om og byte bilar i vegkrysset på Tryggestad – det er der vegen ned Norangsdalen svingar av frå vegen Hornindal-Hellesylt. Men reisebyrå og turistar var svært misnøgde med denne omstigingsordninga, og i 1920 gjekk Norangsdalen Auto inn i Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap.

Manglande vegsamband sette grenser

Då Stigedalsvegen opna mellom Eid og Straumshamn i Volda i 1932, vart det eit rutesamarbeid med L/L Stigedalsruta som Ingebrigt Naustdal dreiv og Nordfjord og Sunnmøre Billag. Seinare delte S&SB med Mørebil om konsesjonen på bussrutene over Stigedalen, fram til 1978, då Mørebil etter ein god del strid tok over åleine. Grunnen til at billaget ikkje trafikkerte lengre vest i Nordfjord enn til Eid kommune før på slutten av 1930-talet, var at vegen vestover til Bryggja ikkje vart opna. Rundt Innfjorden kom det ikkje vegsamband før strekninga mellom Olden og Innvik vart opna i 1936. Dette gjorde at Firda Billag fekk fotfeste i rutenettet i Innvik og Utvik , og har hatt det sidan. Før riksvegen vart opna langs Strynevatnet i 1922 var det heller ikkje aktuelt for Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap å engasjere seg i rutebildrift til Oppstryn og over Strynefjellet mot Ottadalen. I 1937 vart firmanamnet endra frå Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap til L/L Nordfjord og Sunnmøre Billag.

Denne bilen, ein Buick 1931-modell, importerte billaget i 1937 frå USA. Bilen er restaurert og blir mellom anna leigd ut til bryllaup.

Denne bilen, ein Buick 1931-modell, importerte billaget i 1937 frå USA. Bilen er restaurert og blir mellom anna leigd ut til bryllaup.

Ytre Nordfjord kom med frå 1937

I 1937 kom Davik kommune med som aksjonær, for året etter vart riksvegen vestmed fjorden opna heilt fram til Bryggja. Samstundes kom også Hjørundfjord kommune på Sunnmøre, som omfata Norangsdalen, med som aksjonær. I 1945 vart riksvegen mot Måløy opna heilt fram til ferjeleiet i Deknepollen. I 1948 vart dermed Sør-Vågsøy kommune aksjonær i N&SB frå saman med Selje kommune. Same året teikna også Fylkesbaatane ein aksjepost i rutebilselskapet. Litt etter 1950 vart også Nord-Vågsøy medeigar i Nordfjord og Sunnmøre Billag. Dei nordlege bygdene på Vågsøya hadde til då vorte trafikkerte av nokre små, lokale rutebilselskap som vart drivne av Samuel Sørland, Reinhart Solstad og Henrik Myhre.

Bussen frå Sandane til Stryn har teke ein stans nedanfor Karistova på Utvikfjellet for at passasjerane kan få ta foto av det storslegne utsynet. Biletet er teke ca. 1960. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”.

Bussen frå Sandane til Stryn har teke ein stans nedanfor Karistova på Utvikfjellet for at passasjerane kan få ta foto av det storslegne utsynet. Biletet er teke ca. 1960. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”.

Hovudkontor og lokalstasjonar

Billaget har sidan starten hatt hovudkontor i Stryn. Den første garasjen med verkstad kom på Visnes i 1919. I 1936 flytta billaget til nytt administrasjonsbygg og verkstad på Tonning. Laget bygde eigen garasje og verkstadhall i Deknepollen ved Måløy kring 1950. Dette anlegget vart erstatta av ny servicestasjon med bensinstasjon litt lengre aust i Deknepollen i 1982. I 1961 bygde selskapet ein stor rutebilstasjon med servicehall og bensinstasjon på Nordfjordeid. Einar Midthjell hadde driftsavtale med billaget for anlegget på Nordfjordeid fram til 1983, og i 1994 vart anlegget bygd om og pussa opp. Også på Stadlandet bygde N&SB serviceanlegg og bensinstasjon i 1985. Dette vart overteke av Stad Servicesenter AS i 1991. I 1985 vart dei faste eigedomane i Stryn, på Nordfjordeid, i Deknepollen og på Stadlandet skilde ut i eit eige driftsselskap; Nordfjord Bilservice AS.

Den første bussen som vart bygd av Nordfjord og Sunnmøre Billag. Dei som poserer stolte framfor bussen er frå venstre Arnulf Eikenes, Johan Nedreberg, David Gald, Jacob O. Sandbakk, Geir Vinsrygg, Ottar Aaning og John Frøysa. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”.

Den første bussen som vart bygd av Nordfjord og Sunnmøre Billag. Dei som poserer stolte framfor bussen er frå venstre Arnulf Eikenes, Johan Nedreberg, David Gald, Jacob O. Sandbakk, Geir Vinsrygg, Ottar Aaning og John Frøysa. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”.

Eigen bussfabrikk i tevling ved Sandane

Ingeniøren John Frøysa vart tilsett som driftsingeniør i Nordfjord og Sunnmøre Billag i 1942. Etter krigen var det stort underskot på bussmateriell i Noreg. Dette var grunnen til at Nordfjord & Sunnmøre Billag, under leiing av driftsingeniør Frøysa, starta bygging av eigne bussar i 1945. Fram til 1967 bygde billaget i alt 44 bussar. I tillegg bygde verkstaden m.a. tilhengarar og lastebilskåp, ein ambulansebil og ein gravferdsbil. Sandane Karosserifabrikk (sjå artikkelen: Bussfabrikken på Sandane – Gloppen kommune) starta i 1954. Fabrikken på Sandane hadde ein sterk støttespelar i disponent Rolv Henden i Firda Billag, som sjølv kom frå Sandane. Tidleg på 1960-talet utvikla det seg til ein kappestrid om DU-midlar mellom bussfabrikkane på Sandane og i Stryn. Det enda med at bussfabrikken i Stryn vart skild ut som eige selskap under namnet Vest-Karosseri, skipa i 1965, og bussfabrikken på Sandane vart lagd ned i 1968.

Administrasjonsbygget som Nordfjord og Sunnmøre Billag reiste på Tonning på 1930-talet vart seinare påbygt. Huset vart selt då billaget flytta til eit nytt anlegg på Tonningsleirane i 1990.

Administrasjonsbygget som Nordfjord og Sunnmøre Billag reiste på Tonning på 1930-talet vart seinare påbygt. Huset vart selt då billaget flytta til eit nytt anlegg på Tonningsleirane i 1990.

Godstransport til Oslo

Nordfjord og Sunnmøre Billag kom tidleg i i gang med lokale godsruter, og i 1958 starta den første godsruta til Oslo. Den første tida vart den køyrd i samarbeid med Firda Billag. Etter kort tid starta dei to billaga kvar sine godsruter til Oslo: Firda Billag la si rute om Sogn, medan Nordfjord og Sunnmøre Billag si rute gjekk over Strynefjellet om sommaren og via Åndalsnes om vinteren. Ein av dei store kundane på Oslo-ruta vart Nordfjord Kjøtindustri i Olden/Loen.

Rutebilstasjonen på Tonningsleirane i Stryn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rutebilstasjonen på Tonningsleirane i Stryn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vestgods A/S og godskrig i Nordfjord

I 1969 overtok Nordfjord og Sunnmøre Billag heile trailerflåten til transportfirmaet Arne Nesdal i Stryn og skipa Vestgods A/S som m.a. skulle tevle om fisketransporten frå Måløy. I Stryn sentrum vart den gamle karosseriverkstaden til bussfabrikken ombygd til godsterminal. Arne Nesdal hadde sidan 1962 bygd opp eit av dei største private transportselskapa i Nordfjord, hadde fem vogntog og var stor på transport av ferskfisk frå Måløy og transport av plastbåtar frå Selje Bruk. Arne Nesdal vart sjølv disponent i Vestgods A/S, som straks vart skulda av konkurrentane for å drive kryssubsidiering frå morselskapet Nordfjord og Sunnmøre Billag som fekk mykje statsstøtte til rutedrift. Som eit mottrekk skipa dei Nordfjord Transport L/L i 1977. Dette selskapet fekk kontor i Stryn med stryningen Bjarne Garlid som dagleg leiar. han styrde transportsentralen til selskapet fram til 1986. Vestgods A/S vart i 1972 ein integrert del av Linjegods-systemet. I 1976 overtok Nordfjord og Sunnmøre Billaget driftsansvaret for Eid Godsterminal og la den lokale godsterminalen på Nordfjordeid dit. Den vart seinare flytta tilbake til hovudanlegget på Gjerdemarka på Nordfjordeid då bygningane der var ombygde.

Eigne reisebyrå

På same vis som Firda Billag og Sogn Billag, starta også Nordfjord og Sunnmøre Billag sitt eige reisebyrå i Stryn. Reisebyrået var ein integrert del av billagsdrifta fram til 1988, då det vart skilt ut som Nordfjordreiser AS. Sidan tidlegg på 1970-talet hadde det vorte drive eit reisebyrå på hurtigruteterminalen i Måløy, knytt til Bennett Reisebyrå. I 1990 kjøpte Nordfjord og Sunnmøre Billag dette reisebyrået, som då heitte Refvik reisebyrå i Måløy. Dette byrået bytte namn til Måløy Reisebyrå i 1992. Også på Nordfjordeid dreiv billaget ein reisebyråfilial ei tid.

Nordfjordekspressen ved Fosnes på veg mot Oslo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjordekspressen ved Fosnes på veg mot Oslo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ekspressbussrute til Austlandet

I 1969 fekk Nordfjord og Sunnmøre Billag løyve til å starte prøvedrift med ei nattrute med buss frå Nordfjord til Otta. I juni 1975 starta Nordfjord og Sunnmøre Billag i samarbeid med Ottadalen Kommunale Billag og NSB den første ekspressbussruta frå Nordfjord til Oslo. Inntil den nye heilårsvegen over Strynefjellet vart opna i 1978 vart ruta berre trafikkert i sommarhalvåret fram til 30. september. Turen tok den gongen 12 timar. I Stryn var det korrespondanse med buss til og frå Sandane. Ruta gjekk med buss berre til Otta, der det var omstiging til tog. Grunnen til dette var at Stortinget den gongen var sterkt opptekne av å skjerme NSB – Norges Statsbaner – mot konkurrerande parallellkøyring med rutebussar der NSB trafikkerte. På 1980-talet endra synet på slik konkurranse seg, og ekspressbussane frå Nordfjord har sidan køyrt heilt fram til Oslo. Sidan 1988 har selskapet vore tilslutta rutesamarbeidet Norway Bussekspress.

To av dei eldre bussane til Nordfjord og Sunnmøre Billag er restaurerte av Rutebilhistorisk Foreining. Den grøne bussen vart bygd på billaget sin eigen verkstad i 1955, den blå vart bygd på Vest Karosseri i 1971.

To av dei eldre bussane til Nordfjord og Sunnmøre Billag er restaurerte av Rutebilhistorisk Foreining. Den grøne bussen vart bygd på billaget sin eigen verkstad i 1955, den blå vart bygd på Vest Karosseri i 1971.

Redda frå konkurs av Fylkesbaatane

Nordfjord og Sunnmøre Billag fekk økonomiske problem på slutten av 1980-talet. Fylkesbaatane kom då inn og overtok alle aksjane i selskapet. Det vart rydda kraftig opp i administrasjon og organisasjon, og selskapet kvitta seg m.a. med ein stor del av eigedomsmassen og underselskapa. Reisebyrået i Stryn vart seld, byrået på Nordfjordeid vart lagt ned. Godstransportdelen i selskapet vart lagd ned, men teken opp att under Fjord 1-regimet.

Inn i storselskap

Fylkesbaatane overtok i år 2000 også som eigar i Ottadalen Billag. Både Ottadalen Billag og Nordfjord og Sunnmøre Billag gjekk inn i det nyskipa Fjord 1-konsernet då Fylkesbaatane og Møre og Romsdal Fylkesbaatar slo seg saman i 2002. I 2005 vart Nordfjord og Sunnmøre Billag og Ottadalen Billag slegne saman til Fjord 1 Nordfjord – Ottadalen. I 2004 hadde selskapet 107 millionar kroner i omsetning i Nordfjord og 60 millionar kroner i Ottadalen. Selskapet hadde 137 tilsette i Nordfjord og 91 i Ottadalen.

Sal til Nettbuss

I 2011 seldt Fjord1 51% av bussverksemda si til Nettbuss, som er det største busselskapet i Noreg, og namnet vart dermed endra til Nettbuss Nordfjord - Ottadalen.

I 2013 tapte selskapet konsesjonen på rutetrafikk i Nordfjord. Den gjekk i staden til Firda Billag.

Sjå elles under ”samferdsle” og ”historie” – turistnæringa.

Ein del av bussparken til Fjord1 Nordfjord -Ottadalen AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein del av bussparken til Fjord1 Nordfjord -Ottadalen AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.12.2017