Nordfjord Skifer AS

Dei tilsette i Nordfjord Skifer i 2013 og ein mur langs Bybanen i Bergen med stein frå Sagefloten. Foto: Per Svein Reed.
Nordfjord Skifer AS på Breim vart skipa av Sverre Anton Sunde og faren Roald Sunde frå Jølster i 2000. I 2005 vart Sverre Anton Sunde eineaksjonær. Verksemda bryt ut skifer og muringsstein i Sagefloten, og hadde i 2013 seks tilsette.
I 2012 omsette verksemda for 12 millionar kroner. Nordfjord skifer leverte mellom anna 15.000 tonn skifer til strekninga Nesttun-Lagunen på Bybanen i Bergen.
Sunde har også eigedomar i industrifeltet på Fossheim i Jølster.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 14.01.2016