Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Torskemel- og Guanofabrik A/S

Nordfjord Torskemel- og Guanofabrikk A/S.

Nordfjord Torskemel- og Guanofabrikk A/S.

Nordfjord Torskemel- og Guanofabrik A/S vart starta på Trollebø i 1904 av Erik Fønstelien og Kristen J. Sunde.

Seinare endra fabrikken namn til Ulvesund Fiskeguano & Fodermelfabrikk A/S. Fabrikken vart den første tida driven med kraft frå Trollebøelva. Fønstelien var også medskipar av ein gunaofabrikk på Kulen saman med svogeren.

Fabrikken vart mykje utvida i dei gode sildeåra på 1950-talet, og frå 1950 heitte den Ulvesund Formelfabrikk A/S. Måløy Sildoljefabrikk A/S tok over fabrikken på Trollebø kring 1970 og utvida den mykje. Welcon-konsernet kjøpte dei to sildoljefabrikkane i Måløy kring 1990, og hadde ei tid planar om å utvide fabrikken på Trollebø for 100 millionar kroner. Men sviktande råstofftilgang gjorde at konsernet valde å leggje ned fabrikken på Trollebø i 2005 og flytte produksjonen over til den meir moderne Måløy Sildoljefabrikk i Deknepollen.

Ulvesund Formelfabrikk. Foto: Arild Nybø, NRK.

Ulvesund Formelfabrikk. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2010