Nordfjordingar hogg tømmer på Indrehus

Indrehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Også på Indrehus i Midtgulen er det god fureskog, og det går segner om at mykje av skogen der vart hoggen ut på slutten av 1500-talet og seld til skottar.
På 1890-talet vart ein skogteig i Indrehusmarka seld til nokre nordfjordingar for 400 kroner. Dei bygde veg opp til skogteigen, og deretter vart tømmeret fløytt sjøvegen bort til sirkelsaga på Sande for skjering. Det er ikkje opplyst kven desse nordfjordingane var, men det er grunn til å tru at det var Hans P. Aardal, som då eigde og dreiv saga under Svelgsfossen.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 26.04.2010