Hopp til innhold
X
Innhald

Nyare gjestgjevarstader i Gulen

Brekkestranda er kjent som hotellet der det knapt finst ein rett vinkel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brekkestranda er kjent som hotellet der det knapt finst ein rett vinkel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Turisthytte

Hans S. Austgulen bygde i 1935 ei turisthytte ved Austgulstølen. Hytta hadde sengeplass til inntil 20 gjestar. Byggevarene vart den gongen frakta opp på dobbel løypestreng, der ein nytta snø eller stein som motvekt på unnabakke-strengen for å få halt varene opp på den andre stengen.

Kafé og pensjonat i Eivindvik

Jon Hellesund slo seg til i Eivindvik i 1950. Han hadde skyssbåt, og dreiv også kafé og pensjonat fram til 1967.

Det skeive hotellet på Brekkestranda

Brekkestranda Fjordpensjonatet vart starta i 1970 av Ingeborg I. Brekke. Pensjonatet var teikna av Bergens-arkitekten Bjørn Simonnæs, og vekte oppsikt med sin uvanlege arkitektur.

Brekkestranda Fjord Hotell

- sjå Det skeive hotellet på Brekkestranda.

Eivindvik Hotell

vart bygt i 1979.

Eivindvik Vertshus

- sjå Eivindvik Hotell.

Eivindvik Fjordhotell

- sjå Eivindvik Hotell.

Steins Mat og Overnatting

vart starta på Byrknes av Stein-Inge Larsen i 1986. Firmaet har seinare endra namn til Byrknes Landhandleri.

Hjartholm Feriehytter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hjartholm Feriehytter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hjartholm Feriehytter

vart starta i 1998 av Arne Hjartholm. Senteret har fire hytter med 28 sengeplassar og ei sjøbu med selskapslokale.

Mjømna Ferie og Rorbuer

vart starta i 2001 av Erene og Kjetil Wilberg. Anlegget har i 2002 fire hytter med til saman 32 senger.

Mjømna Ferie og Rorbuer. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjømna Ferie og Rorbuer. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjømna Park DA

vart skipa i 2007 av Kjell Jan Kversøy og Frode Kversøy for å drive utleige av rorbuer og hytter, samt å produsere og foredle kjøtvarer.

Les meir om: Handels- og gjestgjevarstader i Gulen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2010