Hopp til innhold
X
Innhald

Nye handelsmenn på Døsen

Då Tøger Hansen flytta frå Luster til Lærdalsøyri i 1812, let han handel og gjestgiveri på Døsen over til halvbroren Mons Hansson Rønnei frå Røneid i Gaupne. Men han treivst tydelegvis ikkje i Luster, for han flytta i 1818 tilbake til garden sin på Røneid og overlet Døsen til svigersonen Hans Rue Olson Døsen.

Johan Rumohr Døsen var ein aktiv fotograf, og han fekk og med seg mykje av dagleglivet på Døsen. Her er han sjølv med på biletet (mannen i bakgrunnen). Jenta som sit til høgre er Claudine Døsen. Dei to andre personane er ukjende. Biletet er teke utanfor Tingstova. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Johan Rumohr Døsen var ein aktiv fotograf, og han fekk og med seg mykje av dagleglivet på Døsen. Her er han sjølv med på biletet (mannen i bakgrunnen). Jenta som sit til høgre er Claudine Døsen. Dei to andre personane er ukjende. Biletet er teke utanfor Tingstova. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Han la tidleg ned gjestgiveriet, men landhandelen på Døsen dreiv han til han døydde i 1862, då sonesonen Hans Rue Olson Døsen (1844-1926) tok over. Mellom 1888 og 1894 bygde og dreiv han Lyster meieri - eit av dei aller første meieria i Sogn og Fjordane. Frå 1909 til 1920 dreiv han også ein landhandel på Fagernes på Talle. Sonen Egil Døsen tok over på Døsen i 1918. På 1920- talet leigde Døsen ut landhandelen og dampskipsekspedisjonen til Martin Hauge, seinare til Ernst Ugulen, medan dottera Jensine Døsen var postopnar.

Døsen- familien tok tilbake drifta av dampskipsekspedisjonen på 1950-talet og dreiv den fram til båtrutene vart innstilte i 1962. Dei dreiv også eit tid kafé i det tidlegare gjestgiveriet på Døsen.

Etter at handel og annan aktivitet tok slutt på Døsen, vart ein del av lokala ei tid nytta av Dalehaug Snikkarverkstad til «glasing» av vindauge.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011