Hopp til innhold
X
Innhald

Nymo Bruk

Nymo Bruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nymo Bruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nymo Bruk på Byrkjelo vart starta i 1913 av Johan Strand. I 1938 bygde verksemda eige kraftverk, starta sagbruk, og noko seinare eit høvleri. Verksemda laga tidlegare både møblar og gardsreiskapar som kjerrer og hestesledar. I nyare tid har Nymo Bruk bygd opp ein stor handel for byggjevarer. Nymo Bruk vart lagt ned i 2010.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.04.2010