Hopp til innhold
X
Innhald

Nytt liv i Skjerjehamn

Frå avdukinga av kongestatuen i Skjerjehamn. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Frå avdukinga av kongestatuen i Skjerjehamn. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

I 2005 kjøpte fiskeoppdrettar Ola Braanaas Skjerjehamn frå Bjarne, Arne og Målfrid Hesvik, og bygde staden om for kring 20 millionar kroner til reiselivsverksemd for båtturisme, overnatting og kursstad.

Kunstnaren Knut Steen og Ola Braanaas skålar for kongestatuen. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

Kunstnaren Knut Steen og Ola Braanaas skålar for kongestatuen. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

Kong Olav-statue

I 2007 kjøpte Braanaas eit granittmonument av kong Olav V og sette det opp på ein haug ved Skjerjehamn. Monumentet var laga av kunstnaren Knut Steen på oppdrag av Oslo kommune, men då dei såg korleis momumentet var utforma, ville ikkje Oslo ha det. Mange stader i landet melde seg på for å få overta momumentet, og Braanaas og Skjerjehamn vann.

Skjerjehamn i 2007. Den nye eigaren Ola Braanaas investerte mykje pengar i restaurering av den gamle handelsstaden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skjerjehamn i 2007. Den nye eigaren Ola Braanaas investerte mykje pengar i restaurering av den gamle handelsstaden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Utkantfestivalen

I 2007 vart Utkantfestivalen i Skjerjehamn arrangert for første gong. I 2011 vart det selt over 6000 billettar, og det låg opp mot 280 båtar i hamna.

Forundringsflåten

I 2010 vart eit visingssenter for oppdrett med namnet Forundringsflåten opna i Skjerjehamn. Ola Braanaas har investert seks millionar kroner i senteret, der folk får lære om fiskeoppdrett. Mellom anna er det videooverføring av bilete frå oppdrettsanlegget på Kjerringneset nord for Skjerjehamn.

Hovudhuset i Skjerjehamn er stort og staseleg. På dette biletet frå 2007 er huset under restaurering. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hovudhuset i Skjerjehamn er stort og staseleg. På dette biletet frå 2007 er huset under restaurering. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011