Hopp til innhold
X
Innhald

O. Vatlestad Urmakarforretning AS

I dette vesle huset, som hadde vore sjukehus, dreiv Vatlestad urmakarforretninga si. Biletet er teke i 1913. Foto: Elen Loftesnes, eigar: Olav A. Vatlestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I dette vesle huset, som hadde vore sjukehus, dreiv Vatlestad urmakarforretninga si. Biletet er teke i 1913. Foto: Elen Loftesnes, eigar: Olav A. Vatlestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

O. Vatlestad Urmakarforretning AS i Sogndal vart starta i 1909 av Olav Vatlestad. Han starta forretninga på Stedje, hjå broren Jon Vatlestad. Etter ei tid flytta han over i eit hus som stod der Lægreidsplassen er i dag. Der hadde det vore sjukestove før.

Verksemda sel ur og gullsmedvarer, held i dag til i Sogningen Storsenter og vert driven av tredje generasjon, gullsmedmeister Rolf Vatlestad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2010