O.E. Gloppestad

I dette huset heldt O. E. Gloppestad urmakarforretning til. Foto: Ottar Starheim, NRK.
O.E. Gloppestad urmakarforetning vart starta på Sandane i 1914 av Olav E. Gloppestad. Den var då eit framhald av ein urmakarverkstad som faren, bankdirektør og bonde Elias A. Gloppestad, hadde starta på Sandane i 1904.
Sonen til Olav, Anton Gloppestad, tok over forretninga i 1965 og dreiv som optikar og urmakar fram til den vart lagd ned på 1990-talet.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 20.10.2009