Hopp til innhold
X
Innhald

OK-Fish Kvalheim

Oppdrettsdelen av selskapet vart seld til Pan Fish  i 2000.

OK-Fish Kvalheim vart grunnlagt kring 1990 av Jarle Kvalheim. Selskapet dreiv fiskeeksport og oppdrettsanlegg i stort omfang – m.a. i Selje og Bremanger.

Oppdrettsdelen av selskapet vart seld til Pan Fish i 2000.

Momssvindel

På nyåret 2001 vart selskapet og leiaren Jarle Kvalheim sett under etterforsking av Økokrim. Kvalheim vart seinare funnen skuldig i omfattande økonomiske brotsverk. Han vart dømd til sju og eit halvt års fengsel for momsunderslag og økonomisk utruskap for over 333 millionar kroner.

Konkurs

Konkurs

Også den tidlegare ektemaken til Jarle Kvalheim vart tiltala for å ha medverka i svindelen, men ho vart frikjend fordi eit knapt fleirtal i retten meinte ho ikkje hadde tilstrekkeleg kunnskap om svindelen til å kunne dømast subjektivt sett. Men ho fekk ei bot på 25.000 kroner for å ha fylt ut fiktive fakturaer for 50 millionar kroner. Broren hennar fekk fengselsstraff for å ha teke vare på 21,6 millionar kroner som ho hadde motteke i urettmessige utbyte. OK Fish vart i februar 2001 slege konkurs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.10.2011