Hopp til innhold
X
Innhald

Økonor Gloppen

Økonor Gloppen er eit rekneskapskontor som vart starta av Jon Gimmestad i 1998. Han overtok då rekneskapskontoret til Sparebanken Sogn og Fjordane med 12 tilsette. I 2010 hadde selskapet 25 tilsette og ei budsjettert omsetning på 16,5 mill. kr.

Same året kjøpte Økonor Gloppen opp rekneskapskontoret SpaNo Rekneskap med 17 tilsette på Nordfjordeid. I 2011 kjøpte dette selskapet seg og inn i eit rekneskapskontor i Måløy. I 2012 vart Rekneskapsteneste AS i Førde kjøpt og fekk namnet Økonor Førde. Dermed har selskapet til Gimmestad over 60 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016